lørdag 14. mars 2015

14. mars

 No har eg nettopp fullført helgavasken.  Tidlegare i dag skein sola, og dronninga vinka meg ut.  Det vart ein tur innom biblioteket også.

Eg er heime åleine for tida, ikkje meir enn at eg serverte pizza til fire i dag. Det er i slike tider ting sluttar å virke.  Eg kjem meg ikkje inn på brukarnamnet mitt på datamaskina.  Heldigvis lærte bror min frøkna å opprette nye brukarnamn i sommar.  Så eg kjem meg inn på maskina, men alle bøkene mine har eg ikkje tilgang på.  Så eg lånte meg eit lass på biblioteket i dag.  Minst to av dei har eg nok lese før.  Fordelen mned bloggen er at eg kan søke og finne det ut.

Mobilen var heilt torsdag.  Eg lada den både i datamaskina og veggen utan resultat.  Ungdomane fekk prøve seg.  På Lefdal i går var det nok at eksperten letta på dekselet.  Han tok det heile med ro.  Det var ikkje første gongen. I rein lykke for eg på bytur og kjøpte meg både kle og ting til huset
Dagens pizza vart laga av heilt enkle ingrediensar, inspirert av vegetarveka på jobb der pizza Margerita er eit populært val. I tillegg til nokre osteskalkar frå kjøleskåpet, hadde eg kjøpt nokre andre ostar med smak.  Goudaen var på datotilbod.  Då eg prøvde gul gjær til pizza, fekk eg spørsmål om den var noko betre.  Eg merka ingen forskjell.  Men dette mjølet var lett å arbeide meg.  Eg brukte ikkje kjevle, så fleksibel var deigen.

No skal eg i posten og hente ein pakke før vi skal sjå Grand Prix.

God helg!

2 kommentarer:

  1. Kjedeleg når dippeduttane ikkje virkar som dei skal,
    ein kan bli mektig irritert av mindre....
    Eg har ikkje brukarnamn på maskina, synest det er nok å hugse det til
    dei andre stadane det er nødvendig.

    God søndag, som startar like fint som i går.
    Lett å la seg lure av våren så nok klede trengs på turen.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Ja, no er det på med turkle. Trur eg kan ta fram sommarjoggeskoa med tynne ull-lestar i.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...