lørdag 22. oktober 2016

Kjøpt i Ørsta

Ein gong då eldstemann var liten, hadde farmora kjøpt seg nytt teppe. "Kjøpt i Ørsta?" spurde han. Den tida var det kanskje meir å få kjøpt der enn her ute. 

I dag skulle eg kjøpe nye dyner, for frøkna kjem heim neste helg, og ho tok med seg eit par dyner. Fordelen i Ørsta er at der ligg Princess og Kid omtrent vegg i vegg.  Så kan ein samanlikne. I dag var det halv pris på Kid. Puter har vi kanskje nok av, men dei bør og fornyast innimellom.

Etterpå drakk eg kaffi i Starevegen.


1 kommentar:

  1. " Det e so det skulle ha vore kjøpt i bya " brukte me her.
    Deilig med nye sengklede..
    God søndag.
    Snart klar for innsamlingsaksjon.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...