I dag hadde eit par av karane bestemt at dei skulle på Skafjellet. Eg såg mitt snitt til å hive meg med og sikre meg dei to siste postane eg treng for å få den gjevaste premien. Heretter vert alt berre bonus.
Det vart fort klart at ikkje alle ville få i mitt tempo, så eg vart sleppt av på Bjåstad ein halv time før dei.
Eg har aldri gått opp denne råsa, som går for å vere den finaste, før. Men eg fekk beskjed om at det berre er å gå skogsvegen opp, og råsa er så godt skilta at det er umogleg å gå feil.
Det er sant! Fjellentusiastar har gjort ein god jobb med tilrettelegging!
På Storebroren er det flott utsikt utover!
Då har du alle postane !
SvarSlettGratulere !