onsdag 5. oktober 2016

Bok 39: Dei som flyktar og dei som blir.


I den tredje boka i Napoli-kvartetten, har dei to jentene frå «Mi briljante venninne» og «Historia om det nye namnet» blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.

«Dei som flyktar og dei som blir» er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.


Eg synest denne romanen i serien er betre enn nummer to som eg syntest var ein liten nedtur samanlikna med den første. Det kan verte ein del namn å halde greie på, men denne romanen er meir konsentrert om færre personar, meiner eg.

Som lesar får ein meir enn ein gong lyst til å gripe inn og seie "Ikkje gjer det!".  Elena giftar seg med professorsonen.  Ho får to jenter.  Ekteskapet hennar må berre rakne ...

Blogglesarane får lese sjølv, eller gjere som eg, lytte til lydboka.  Opplesaren les svært godt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...