torsdag 23. juli 2015

To genserar til Olaug

 Eg er med på ei strikkeside på facebook.  Der kan det sjå ut som alle strikkar det same.  I vinter strikka alle Mollykofta og Wiolakofta.  Mariusgenserar vert vist fram kvar einaste dag.  Eg har heilt styrt unna den.  Men når ein strikkar til ungdomar, må ein strikke det dei vil ha!
 Eg strikka ein i Hverdags til Olaug.  Mønsterfargane hadde eg liggande, så eg kjøpte berre lysegrått.  genseren er så tynn at ein kan bruke han inne om vinteren, eller ute no om dagen.
I fjor sommar strikka "alle" Acnegenseren, ein stripete genser i Faerytale.  I år ville ho ha ein sameleis, berre einsfarga. det gjekk med fire nøste, så genseren veg knapt 200 g.

No har eg ikkje strikka sidan laurdag.  Eg håper garnet mitt kjem i dag! No skal eg først strikke til meg sjølv, og så kan det bli minst eitt hemmeleg prosjekt i haust ...

2 kommentarer:

  1. Så fine genserar! Eg har kjøpt meg garn til stripete Acnegenser. Ligg eit år etter.... Har satsa på haustfargar.

    SvarSlett
  2. Kanskje det må bli kvisegenser på meg og? Har liggande Fairytale frå mislukka skappelgenser i si tid.. Fine produkt på vakker modell!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...