onsdag 1. juli 2015

Bok 29: Mi briljante venninne

O

«Mi briljante venninne» er ein stor filmatisk roman frå Italias mest kjende ukjende forfattar. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi. Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skulegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre 16 år då ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen. Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.
 
Ordet brilijant vert brukt nokre gonger i denne perla av ein roman.  I stad tok den brått slutt.  Eg måtte sjekke om eg mangla ein CD.  Det gjer eg ikkje. Romanen er den første i ein kvartett, så her er det berre å gle seg til framhaldet.
 
Dette er ein oppvekstroman frå Italia. Elena kjem frå ein fattig familie, men ho er svært skuleflink, om enn ikkje så flink som venninna si Lila.  Foreldra til Elena let henne få gå vidare på skular, takka vere press frå lærarinna. Det er interessant å lese om skulesystemet. 
 
Romanen sluttar i bryllaupet til Lila.  Ho giftar seg svært ung med ein rik mann. Vi får eit lite hint på slutten om korleis det vil gå...
 
Eg ser at romanen har fått terningkast 6, og det forstår eg godt!

Opplesaren skal og ha skryt! Ho les svært godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...