tirsdag 14. juli 2015

14. juli

Det har vorte litt mimring i dag, både på facebook og på mor mi sin blogg.  14. juli er nemleg mormor Amanda Margrete sin fødselsdag.  Ho vart fødd i 1904 og vart 87 år gamal.

Eg har funne fram eit firegenerasjonsbilde der eg er yngst. Oldemora mi døydde berre nokre veker etter, meiner eg.  Eg var eldste barnebarnet til mormor.
Dette bildet er lettare å tidfeste.  Systera mi var døypt 14. juli 1968.  Selskapet var i mormor si leilegheit på Nordfjordeid. Eg er av den formeining at når familiebilde vert gamle nok, er dei av allmenninteresse. Kanskje fleire kjenner seg att i interiør og blomster til dømes?

Elles kan vi gratulere bror min og kona med 15-års bryllaupsdag!

14. juli 2015 kan ein så vidt skimte i litt raudt på jordbæra her.  Peonane har ikkje sprotte ut, heller ingen av dei vanlege rosene. Vi får berre notere oss det!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...