Eg har bak meg eit par intense veker med retting. Eitt av kriteria i vurdering av historier er: "Kan dette ha skjedd? Er det sannsynleg? Er det umogleg?" Når eg startar med nye klasser bruker eg å nedlegge "forbod" mot å døy sjølv eller vakne - og så var det heile ein draum. Dette skjer sjølvsagt likevel. Av og til kan det vere gjort på ein genial måte. Men eg trur blogglesarane, både norsklærarar og andre, forstår kva eg meiner.
Denne krimromanen scorar kanskje lågt på å vere sannsynleg. Ein får håpe at slike forbrytarar berre finst i fiksjon. Men krimromanen er godt skriven. Zack er ein kriminalimspektør som slit med seg sjølv og sitt eige rusproblem. Samtidig har han kontaktar som gjer at han får unik informasjon. Det er berre å la seg underhalde!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar