onsdag 9. juli 2014

Årets varmaste dag?

 I dag har det vore italienske temperaturar her hos oss.  Det er ikkje kvart år vi opplever slik varme på Sunnmøre.
Ein kan vel ikkje ligge heilt på latsida?  Eg har safta eit par runder med frosne ripsbær etter latmannsmetoden.  Eg tappa dei rett på flasker, utan sukker denne gongen.  Så får eg passe på å ha solbærsirup i hus.  Den inneheld rikeleg sukker og solbær smakar godt saman med rips.
Men skal ein no først ligge på latsida, så kan det vere kjekt med ei god bok på øyret.  Eg sykla til biblioteket og fann desse i dag.

4 kommentarer:

  1. Bra du tok med varmen heimatt :)
    Det var ein ny vri med saftlaging. Brukte du dampkokar ?
    Nyt sommardagane.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg tappar rett i flaskene. Den første safta vert finast. Eg trur det kan verte att nokre vitaminar i safta på denne måten også.

      Slett
  2. Dyktig!
    Her er solbæra moden. Herlege tider!!
    Nyt så lenge det varer :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje lenge før vi har solbær også, berre barmen held seg!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...