torsdag 10. juli 2014

Fellesfeiring

 I dag var det dekka til prinsessefeiring hos sysetra mi. Fire "jenter" og to menn har harr geburtsdag i juni eller nokre dagar før eller etter. Vi rekk ikkje å feire ein og ein ...

Ein liten barselvisitt vart det og.  Dei har fått seg ein ti veker gamal Shetland sheepdog.  Bilde av han og resten av gjengen finn de på systera mi sin blogg.
Vi synest alltid det er kjekt både å få og gi kaker.  Vertskapet har som regel nok å gjere med middag og dessert.  Takk for nydeleg oksegryte og pavlova!

Kaka over har frøkna pynta.
På heimturen leita vi opp den berømte padda som eg insisterte på å bli fotografert ved.

Vi køyrde rundt Austefjorden begge vegar.  Den nye vegen på Voldasida er flott.  På den andre sida er vegen omtrent som på sytti- og åttitalet.  Eg vert ofte sittande å mimre når eg køyrer desse vegane som vi gjorde då eg var lita. Den gongen var det å køyre rundt fjorden noko av det verste eg visste. No er vegane og bilane betre.  Musikken vert styrt av ein mobil i baksetet.  Den gonge var kassettspelar i bilen det heilt store.

4 kommentarer:

  1. Tusen takk for besøk og gåver!

    SvarSlett
  2. Flott kake !
    Frøkna er mora opp av dage :)
    Me køyrer mykje Austefjorden. Mor mi kom frå
    Hjartåbygda. Etter me har køyrt gjennom den nye tunnellen må eg snu meg tilbake for å sjå min barndoms paradis, for no køyrer me ikkje gjennom bygda lenger.
    Padda er blitt ein atraksjon, ikkje rart vegvesenet ville ha den vekk frå hovudvegen..

    SvarSlett
  3. Vi fann ikkje padda på veg innover, ikkje leita vi heller, for vi satsa på å få det forklart og ta attraksjonen på heimvegen.
    Hjartåbygda har eg ikkje noko forhold til.
    Eg synest vegen var skummel før, spesielt etter ei stor steinblokk raste ned ca 200 meter framfor oss og landa i vegen. Det hadde vore den visse død om vi hadde vore der nokre sekund etter ...

    SvarSlett
  4. Her forsvann ein kommentar eg skreiv ...
    Eg likte ikkje gamlevegen, spesielt etter at vi såg ei steinblokk dette ned ca 200 meter framføre oss og lande i vegen. det hadde vore den visse død om vi hadde kome nokre sekund seinare.
    Elles er padda litt vekkgøymd, men ein fin plass å stoppe.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...