lørdag 9. juni 2012

Bok 28: Borderline

Denne boka har eg hatt høge forventningar til.  Eg gler meg alltid til å lese om Annika Bengtzon.

Det startar med ei sak om unge kvinner som vert drepne.  Annika har flytta saman med Thomas att. Men har han endra seg?  Han reiser til Nairobi der vert han kidnappa saman med resten av delegasjonen.

Dei drepne kvinnene kjem i skuggen av den andre saka.  Annika har ein liten formue, men må også sponsast av avisa for å kunne betale eit stort beløp i løysepengar.

Ikkje uventa likte eg denne romanen svært godt.  Eg har sansen for historia og løysinga! Elles har eg sansen for kva som skjer når ho skal skaffe barnepass for å reise til Afrika.  Dei som har lese romanen, veit kva eg meiner.

2 kommentarer:

  1. Enig med deg, god bok! :) Min favoritt er Under solen, men denne er også av dei beste Annika Bengtsson-bøkene syns eg.
    Ein veldig triveleg blogg du har, kom innom her via eit søk på vaniljepudding (som eg uansett ikkje endte med å lage denne gongen...) - men her kjem eg innom at! :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å høyre. Eg serverte vaniljekremen for tredje gong på kort tid i dag. Han kan trygt anbefalast!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...