lørdag 2. juni 2012

Bok 27: Carmine Street

Eg må innrømme at eg las berre ei av bøkene om Van Veeteren ein gong på 90-talet, og etter det har eg styrt unna Håkan Nesser.  Det var noko med dei oppdikta stadene og namna som gjorde det vanskeleg for meg å henge med.  Og så vart eg hekta på Henning Mankell sine bøker om Kurt Wallander.  Filmatiseringa av romanane til Nesser har eg derimot fått med meg - og likt.

Carmine Street er ein frittståande kriminalroman.  Lenge lurte eg på om det var krim.  Der var mange refleksjonar som gjorde romanen til noko meir.  Krimgåta var og annleis, og ikkje minst oppklaringa.

Eit ektepar opplever at barnet deira vert bortført.  Vel eit år seinare vel dei å starte eit nytt liv i New York.  Men kjenner dei kvarandre?  Kva skjedde?  Lever jenta?  Er kvinna i ferd med å misse grepet?  Langsamt vert krimgåta rulla opp.

Dette er ein roman eg kan anbefale for alle som liker krim, og også for dei som i utgangspunktet ikkje gjer det.

5 kommentarer:

  1. Takk for tipset !
    Kjekt å lese desse omtalane dine.

    SvarSlett
  2. Denne boka har eg lese, men hugsar den ikkje så godt. Eg hugsar betre den siste Håkan Nesser-boka eg las:"Herr Roos"-den var nokså finurlig. Forresten likar eg Håkan Nesser-og Van Veeteren også."Kim Novak badet aldri i Genesaret sjø", har du vel lese?

    SvarSlett
  3. Nei ... Får vere på utkik etter fleire bøker av Nesser. Det får vel vere lov å skifte meining!

    SvarSlett
  4. Eg har alltid hevda at Nesser er god, men då har de alltid kome dragande med desse fiktive namna, som om det skulle vere så farlig? Van Veeteren er ikkje med i dei to bøkene eg nemnde.

    SvarSlett
  5. Dei fiktive namna får vi berre vere usamde om. For meg vert det eit oppdikta land - noko som er unødvendig, meiner eg (som har lagt feriar til Ystad og Fjällbacka ...)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...