onsdag 13. juni 2012

Flott formingsprodukt!

 I dag kom niandeklassingen heim med ei toalettveske ho har sydd i kunst og handverk.  Eg synest veska er fin med blonde på utsida.
Då eg fekk sjå ned i veska vart eg imponert.  Her har ho sydd for med lommer!  Bak eit slikt produkt står det ein flink lærar også, tenker eg!

Eg veit at ein del kunst- og handverklærarar les bloggen min, og fekk derfor lyst å vise fram kva dei lagar her.  Så får de heller unnskylde høg myrsnipefaktor ...

5 kommentarer:

  1. Så flott at de fortsatt får muligheten til å lage ting en kan bruke. Den toalettmappa var jo flott
    Ha en god kveld :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Heilt einig! Eg har sansen for kvalitet!Men innser at det er ein krevjande jobb for læraren.

    SvarSlett
  3. Kjempeflott ! Flink elev, men einige med deg at det krev ein god lærar.

    SvarSlett
  4. Flink jente, og sikket flink lærar. Godt at jenta ikkje slektar på bestemora. Kjenner at eg enno grøssar når eg tenker tilbake på handarbeidstimane.Mareritt!

    SvarSlett
  5. Ho kom heim med eit sjølvportrett i blyantteikning. Eg trur ho må ha noko frå farsslekta der i alle fall ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...