onsdag 20. juni 2012

Gratulerer Margrete!

I dag fyller veslesystera mi 44 år.  I det høvet har eg tenkt å glede henne med nokre bilde eg har scanna frå gamle album.
Eg hugsar godt då systera  mi vart fødd.  Vi budde hos mor-mor nokre veker.  Margrete vart døypt berre tre veker gammal, 14 juli.
Eg vart lova ny kjole om barnet vart ei jente, for då kunne ho arve den.  Om ho nokon gong brukte den, hugsar eg ikkje.
Kakebordet i 1968.
Det eg hugsar best frå den første tida, var at ho ikkje var noko særleg kjekk å leike med, i alle fall slik eg hadde tenkt meg det.  Til det sov ho for mykje.  Her har vi kome til jul.  Jula feira vi og på Eid.
Dette bildet er frå Melle ein gong tidleg om våren.  Ho likte å koke og styre.
17. mai.  Kan det ha vore i 1969?(1970, seier mor mi!) Farmor er i alle fall på besøk.

Det er artig å sjå bilde av oss sjølve som born.  Her var vi noko skeptiske alle tre!
Dette må ha vore siste våren vi budde i Melsbygda.  Her er vi sikkert på søndagstur?
Fordelen med å ha ei lita syster var at eg kunne leike med dokker og teikne papirdokker etter at eg eigentleg var for stor til det.  Eg likte å hekle, sy og strikke dukkekle til henne.  Det vart kjekkare og kjekkare å ha ei syster!

I går fekk eg høyre frå klassa mi at dei kom til å hugse latteren min.  Då skulle dei høyrt oss systrene saman! Vi har det alltid kjekt i lag. No gler vi oss til ferie då eg håper vi sjåast oftare!



5 kommentarer:

  1. Det 17.maibildet må vere frå 1970. Margrete lærte å gå på 1-årsdagen, og eg hugsar ho hadde den dressen då ho var 1 1/2år.Bildet med julenissen er frå Engeset.Elles er det artig å sjå att kleda også. Ein hadde ikkje så mange plagg å velje i den gongen. Eg kan ikkje hugse at Margrete nokon gong brukte kjolen. Elles er det artig at du hugsar andre ting enn det eg gjer.

    SvarSlett
  2. Takk for fine ord! Her i heimen seier dei ofte "å, no ler du akkurat sånn som ne tante", utan at eg forstår heilt kva dei meiner. Betre å ha ein særeigen latter enn å vere sur, meiner no eg. Artig å høyre dine minne, sidan dei strekkjer seg noko lengre attende i tid.

    SvarSlett
  3. Eg har aldri tenkt over at de ler likt, men så er eg ikkje så veldig observant på den måten.

    SvarSlett
  4. Som lærar kunne ein vel verte hugsa for verre ting enn latteren!

    SvarSlett
  5. Skjønne mimrebilder. Eg merka meg spesielt dei fine strikkeplagga på søndagsturen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...