tirsdag 5. juni 2012

Restekjærlighet

I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å kjøpe denne boka sjølv om ho kom på coop-kupp.  Men så las eg i medlemsbladet at den er eit ledd i ei satsing på å kaste mindre mat, og eg vil no følgje med i tida!  Det vert kasta for mykje mat i Noreg.  På skulekjøkenet har vi dette som tema kvart år.  Viss nokon lurer på kva eg ønskjer meg til fødselsdagen min, så er det ny bokhylle!
Ein firedel av maten i Noreg vert kasta!
Ein del lesestoff, ikkje bere oppskrifter, er viktig i kokebøker.
  Så mange eggeplommer vi bruker om dagen, vert det ein del egggekvitar til overs.  Eggekviteomelett høredt noko smaklaust ut.  Sunt er det sjølvsagt.
Eg skal innrømme at eg kjøper bernaise- og hollandaisesaus som posemat.  Knip inn på smøret gjer eg og.  Faren for at om eg begynner å lage sausane frå grunnen av, så vil eg halde fram med det, er vel stor?

I boka er der ei blanding av nye og gamle oppskrifter.  Eg meiner ho er verd sine 129 kroner.  Om ein av ungdomane i familien vil ha boka, skal dei få ho.  Vi som levde på 60-talet kan vel dette?

P.S.
Om noko vil vite kva eg bruker eggekvitar til, så kan eg røpe at eg puttar litt i kvart brød i brødbakemaskina eller i vanleg grovbrød.  Då kan ein ha meir grovt i brøda med god heving.

7 kommentarer:

  1. Hm, kanskje eg skal kjøpe den ?
    Veit ikkje om eg treng den. Har oppdaga at etter eg vart uførepensjonist og heimeverande, vert det kasta mykje mindre, og handla mindre.
    Når eg kom heim frå jobb, svolta, så var det lett å stanse på nærbutikken og kjøpe noko snarlaga, eller aller helst ferdiglaga ;)
    Eg kan kjøpe boka og gi vekk i gåve kanskje...

    SvarSlett
  2. Eg trur og at det å unngå kasting, startar i butikken. Boka har ein eigen filosofi om kva som er restar. Og når ho ikkje kostar meir enn eit par vekeblad, så er det no kjekt å ha noko å bla i - berre ein har hylleplass.
    Men du kan nok oså dette!

    SvarSlett
  3. et vi kastar av mat er så lite at det ikkje er noko å nemne. Her for noko sidan hadde eg nokre eggekvitar til overs, og laga ein Pavlovabotn av dei. Botnen vart heilt fin, men eg gløymde å lage den høgast på sidene, så den æste opp på midten. Blir problematisk å pynte!

    (Får nesten aldri med første bokstaven når eg skal skrive-og oppdagar det for seint.)

    SvarSlett
  4. Viss ein då lagar vaniljekrem til pavlovaen, så er ein like langt ... (Eg har ein botn i kjekkaren).
    Viss du har ei vid skål, jfr mine bruktkjøp, kan du lage pavlova som dessert.
    Eggekvitar er greitt å ha ekstra i pannekaker og vaflar også.

    SvarSlett
  5. Smart tips å ha eggehvitter i brøddeigen! Ellers er det masse reste-oppskrifter gratis på www.restemat.no :-)

    SvarSlett
  6. Smart tips å ha eggehvitter i brøddeigen! Ellers er det masse reste-oppskrifter gratis på www.restemat.no :-)

    SvarSlett
  7. Ja, eg har vore inne på den sida. Eg kan reklamere meir for den ein annan dag! Eg meiner det er viktig å lære opp nye generasjonar både p.g.a. økonomi og miljøvern.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...