fredag 6. juli 2018

Straumen-genser til Audun

Då Audun fekk sjå jegergenseren som eg strikka til Håkon, ville han og gjerne ha seg ein ny genser. Han fekk prøve broren sin, og eg fann ein i same boka, nemleg "Strikk til alle tider"av Helle Siggerud. Denne vart strikka i ein storleik større.  I Finull vil det seie 520 masker på pinnen på det meste.  medan andre ser fotball, har eg strikka …

Når det gjeld fargeval, så gjekk eg for blått.  Blåfargen i boka hadde dei ikkje i butikken, men eg synest denne er vel så pen.  Ein litt kaldare farge kler ein som er lys og blåøygd.  På jobb går han i kamuflasjefargar, så eg synest han må gå i andre fargar i det sivile.

2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...