tirsdag 10. juli 2018

Finst det noko betre enn plommesylte?

 Etter ei veke i utlandet med anten engelsk eller italiensk frukost, kva er då betre enn å kome heim til heimebaka grovbød med plommesylte?

Eg har vore lens for syltetøy dei siste vekene, så eg ha laga jordbær/rabarbrasylte og ein dag eg fekk lyst til å lage syltetøy, laga eg av det eg hadde, nemleg rabarbra og nektarinar. det vart ikkje så verst.  Forandring frydar.

Så då mamma spurde om eg ville ha plommer frå i fjor, takka eg ja.  Søndag kom ho med 14 kg som eg skulle få plassert i den allereie fulle frysaren min.  10 kg gjekk bra, resten sylta eg måndag morgon.  No har eg fått resten på glas.
I det siste har eg samla glas og prøvd å få vekk etikettane. Dette glaset skal eg behalde sjølv!

P.S.
Om nokon lurer på oppskrifta, så bruker eg den på den grøne certopakken, ca 4 dl sukker til 1 kg plommer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...