søndag 8. juli 2018

Fellesfeiring

 Å finne ein dag då flest mogleg kan samlast, kan vere ei utfordring når ungdomane arbeider i varehandel og helsevesen. i dag kom systera mi med sine tre yngste.  Hennar eldste er i Oslo slik som vår eldste.

Tysdag prøvde eg å fiske litt etter kva dei hadde lyst på til middag.  det einaste svaret vart kjøtkaker.  I tillegg steikte eg kotelettar i omnen. Eg skar av beina og delte dei i to, så r det lett å forsyne seg. Til dessert var det karamellpudding med krem og bær i krydderlake med is eller krem til.
 Tidlegare i veka fann eg denne rosastripete duken på Nille.  Eg kjøpte og nokre stolputer i same mønster.
Store bukettar er berre i vegen når ein skal prate.  I dag fann eg litt rosa og kvitt i hagen.
Seinare vart det kaffi med kaker som systera mi hadde bakt. 

Takk for ein fin dag!

2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...