søndag 22. juli 2018

22. juli 2018


Sju år har gått. Likevel kjem kjenslene fram att denne dagen. Det er sterkt å høyre namna på dei drepne bli opplesne. 

Mykje kan seiast. Eg hugsar eg sa til niesa mi som eigentleg skulle ha vore der, at eg var så glad for at ho ikkje var blant dei drepne, men og av dei som overlevde. Det siste forstod ho ikkje heilt. Eg tenkte på dei fysiske,og ikkje minst psykiske, skadene ho kunne ha fått.  At dei overlevande skulle bli sjikanerte og drapstruga på nett, hadde eg ikkje fantasi til å kome på kunne skje.

Eg håper alle som ser slikt reagerer!

Peacerosa har vorte eit symbol på 22. juli. I år hadde ei overlevd den harde vinteren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...