søndag 24. juli 2011

24.juli

I dag har vi greidd å lausrive oss litt frå TV-skjermen.  Først såg vi gudstenesta i Domkyrkja.

Eg er imponert over kor mange flinke folk vi har her i landet!  Statsministeren heldt ein flott tale.  Prestane var flinke kvar på sin måte, og der var flott korsong. Dei kongelege stiller opp og viser kjensler.

Politiet arbeider på spreng.  På sjukehusa har der vore katastrofealarm.  Leitemannskap er i sving.  Dei grur seg til å finne eventuelle drukna, men veit dei gjer ein viktig jobb. Mange andre yrkesgrupper er og i sving.

Det gjer sterkt inntrykk å sjå ungdomar bli gjenforeina med familiane sine.  Og så veit vi at det er ikkje slik for alle.

14-åringen må forklarast at også forsvararen gjer ein viktig jobb.  Alle har rett på forsvar i ein rettsstat.

Det er mange som har det tøft.  Vi kan ikkje gjere noko anna enn å vere medmenneske.  Vidare er det eit felles ansvar å føre vidare gode verdiar og haldningar til dei som veks opp.

4 kommentarer:

  1. Eg kan berre skrive under på alt du har sagt her.
    Eg er stolt over måten styresmaktene og andre har takla katastrofen på.
    Det er viktig å forklare dei unge at ALLE har krav på forsvarar. Det er også ein del av demokratiet.

    SvarSlett
  2. Eg har fått spørsmål frå foreldre som lurer på kva ein skal gjere i høve til ungane - eg seier det er viktig å sitje saman med ungane og forklare det dei spør om. Born har ein utprega rettferdssans som naturleg fører til hat og hemntankar, og retssystemet kan vere vanskeleg å forstå.

    SvarSlett
  3. Eg synest forsvarsadvokaten fekk forklart dette med trong til oppmerksomheit på ein fin måte.
    Han forklarte også fint kvifor han tok jobben. Dei følgde oppmerksomt med her.

    SvarSlett
  4. Born får ein halde seg til regelen å svare på det dei spør om og ikkje tvinge på dei meir informasjon enn dei vil ha.
    Når det gjeld ungdomar, så må vi også nytte høvet til å snakke vit i dei. Dei treng nyansering, og dei må utfordrast på konsekvenstenking.
    Når dei høyrer forsvarar t.d., trur dei gjerne at han forsvarar handlinga til gjerningsmannen, altså er han ikkje noko betre.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...