onsdag 14. desember 2011

Bok 61: Snakk til meg

Den ytre handlinga i denne romanen kunne ein ha oppsummert i to setningar, eller periodar, for å bruke eit grammatikalsk uttrykk.

Ein norsk bilbliotekar med eit vanskeleg forhold til sonen sin, reiser til Cuba og møter ein mann. Den andre setninga får blogglesarane eventuelt kome fram til sjølve.

Dei ytre handlingane i boka talar for seg, men forfattaren greier å halde spenninga oppe på det indre plan også.

Romanen handlar om fordommar.  Personane i boka snakkar med kvarandre, men dei kommuniserer ikkje.

Ingeborg, som bibliotekaren heiter, er lett å kjenne seg att i.  Ho møter Cuba og cubanarar med motførestillingar, men let seg rive med.  Ho er redd for å bli utnytta, men let ho seg utnytte når ho betaler både det eine og det andre?  Slutten må bli som den blir, men den er ikkje utan spørsmålsteikn.  Kor ærleg er Ingeborg mot seg sjølv?

Dette er ei bok eg kan anbefale på det sterkaste! Den er både interessant og spennande!  Og sjølvsagt er den velskriven.

4 kommentarer:

  1. Eg var spent på å lese kommentaren din på denne boka, som eg har anbefalt så varmt. Kjekt å sjå at vi er einige. Seinare har eg lese 30 dagar i Sandefjord, og det blei ein retteleg nedtur...
    Elin.

    SvarSlett
  2. Ja, denne er nok den beste eg har lese av henne. Det var duka for klisjéar, men ho styrte unna! Og ho greier å unngå å forklare for mykje.

    SvarSlett
  3. Eg var spesielt fasinert av dei språklege verkemidla. Får dei kanskje best med seg om ein les boka fysisk? Dette er ei bok som må høve til analyse, men det er jo inga ungdomsbok, trur ikkje ungdomen forstår problemstillingane, eller kva trur du?
    Elin.

    SvarSlett
  4. Eg trur du må vere godt vaksen for å elske med atterhald, eller kva ein skal kalle det. Ingeborg veit kva ho gjer, eller kanskje ikkje heilt. det er denne nerven med usikkerheit eg synest ho får så godt fram.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...