tirsdag 26. juli 2011

Mat må vi ha

Eg kjem til å starte opp att tilnærma normal aktivitet på bloggen. I første omgang vil eg legge ut nokre matoppskrifter.  For mat må vi ha.

Dei som sørgjer treng og mat.  Ein gong eg ikkje visste kva godt eg skulle gjere, bakte eg skillingbollar og banka på døra.  Det er vanskeleg å trengje seg på folk som sørgjer.  Har ein ei korg med bollar i handa, har ein eit ærend.  Eg var budd på å snu i døra, men opplevde at folk hadde behov for å prate.  Nokre år seinare kom eg i prat med eit av borna som var i huset.  Ganske snart fortalde barnet at det hugsa så godt at eg kom med bollar den gongen. Born sørgjer på sin måte, og treng kanskje pausar. Dei set kanskje pris på at nokon tenkjer på dei med bollar eller noko anna.  Folk må gjere det som høver for dei.

 Vi må gradvis tilbake til kvardagen.  Frøkna skal førebu seg til Norway Cup.  Det er nok viktig at dette arrangementet får gå, ikkje som normalt, men i ei tilpassa utgåve.

4 kommentarer:

  1. Det med ei korg bollar, var ein god idé. Eg ser ofte på amerikanske filmar/seriar at folk tek med seg mat og går på besøk når noko står på.( T.d. i Frustrerte fruer). Eg trur, som du, at folk treng å prate om det som er vanskelig.

    SvarSlett
  2. Ei enke fortalde meg ein gong at då ho miste mannen, såg ho folk som gjekk over vegen for å sleppe å prate ...

    SvarSlett
  3. Det var sikkert ikkje av vond vilje, men det er vanskelig å finne dei rette orda. Det er ikkje så farlig! Til ein far, som hadde mist stesonen, sa eg berre rett ut:" Eg veit ikkje kva eg skal seie!", mens eg tok han i handa.Og han svarta:"Det er ikkje noko å seie"-i full forståing.

    SvarSlett
  4. Ho bar ikkje nag, ho forstod kor vanskeleg det var og gjekk sjølv bort.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...