fredag 1. juli 2011

Shopping er sunt ...

... stod det å lese i ei avis ein av dagane.  Og det trur eg så gjerne.  Før brukte eg å seie at definisjonen på ei skikkeleg shoppingrunde var seks nett, tre i kvar hand.  Det er denne kjensla av å ha gjort eit kupp i ein butikk og unnt seg litt luksus i ein annan.

I første ferieveka har vi hatt dårleg ver, så det har vorte eit par byturar.  I næraste by gjekk eg meg på eit stativ med restar ute på gata.  Der låg det eit fløyte- og sukkersett til ca -70%.  Eg har 16 koppar med kornblomster på som dette høyrer til.  Det måtte sjølvsagt bli med heim!  Kupp eller luksus?  Kanskje begge delar?

4 kommentarer:

  1. Så kjekt når ein finn noko ein "treng" ;-)

    - god helg -

    SvarSlett
  2. Jammen glad for at eg gav deg pengar i staden for ting!

    SvarSlett
  3. "Treng" - der trefte du spikaren på hovudet! ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...