torsdag 28. juli 2011

Bok 38: Lindeman&Sachs

Denne boka begynte eg å lese fordi eg hadde fått tak i "Lindemans tivoli" som kunne lesast fritt etter denne.  Då er det likevel greitt å ha lese den først.

Det er 70 og 80-talet si finansverd som vert skildra.  Ei sit att med ei kjensle av at personane eksisterer med eit anna namn.

Problemet mitt er at eg føler eg kan for lite.  Aksjar har aldri interessert meg.  Investeringar og oppkjøp vert likevel forklart slik at det til ein viss grad er begripeleg. Såleis er romanen lærerik.

Miljø- og personskildringane er gode.  Dette er god underhaldning.  Eg har lese noko av boka i ei trist tid, så det er ikkje heilt lett å yte ho rettferd.  Eg kjem nok til å lese oppfølgjaren, men ikkje med ein gong.

Bokkilden skriv.   Kjell Ola Dahl si heimeside skriv.

1 kommentar:

  1. Denne boka har eg sett fleire gonger på biblio, men ikkje lånt. Økonomisk kriminalitet er heilt uforståelig og dermed uinteressant for meg.I dag var eg innom og leverte ei bok, men fann ikkje noko nytt av interesse. Spørs kor lang tid eg kjem til å bruke på den eg les no. Somnar eller dett ut på annan måte så snart eg får ei bok på øyret.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...