onsdag 21. desember 2011

Lagerstyring i heimen

I haust bar eg alt som var i matboda ut på gangen, sette opp nye hyller og rydda alt inn att.  Når eg kjøper noko nytt, set eg det bak andre varer av same sort. Så eg kan ikkje skulde på ordenen.  Det må vere noko med hukommelsen. I går fekk eg det for meg at der var lite potetmjøl att i boksen på kjøkenet.  Så eg kjøpte med meg ein pakke.  Truleg må eg ha tenkt det ein dag før og, eller to.  Plutseleg hadde eg fire pakkar potetmjøl.  "Best før" var i 2014.  Men det er no grenser for kor mykje kjøtkaker og kor mange sukkerbrød ein lagar i løpet av eit år.

Vaffeljernet stod på kjøkenbenken frå i går.  Då kom eg på at eg kunne lage tørre vaflar.  Det er lenge sidan sist!  Så eg slo til med dobbel porsjon.  Boksen over er full.  I tillegg vart det ein liten boks til systera mi og ein del til å ete i dag.  Eg synest det er enkelt å greitt med kaker som skal steikast i jern.  Vaffeljernet mitt pip når kakene er ferdige.  Til skulen har eg kjøpt eit krumkakejern som verkar på same måten.

P.S.
Overskrifta har eg knabba frå "Smalhans".  Der er eit kapittel om å kjøpe inn.

2 kommentarer:

  1. Eg hadde tenkt hardt på å steike "tørre vafler", for som du seier, så er det greitt å steike i jern. Men eg visste ikkje om eg fekk det til på vaffeljernet mitt. Som regel blir der nok kaker.
    Kjekt å sjå att fugleboksen. Eg var alltid så glad i den. Det var no eigentlig Håkon som fekk den, men samme for meg kven som tek vare på den.
    Elles så kjøper eg kakeboksar nesten kvart år, men ikkje veit eg kvar dei vert av.....

    SvarSlett
  2. Eg veit at det er Håkon sin, men eg bruker den til han treng den sjølv ;-) Viss eg fyller den kvart år, får den kanskje større affeksjonsverdi for han, tenker eg ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...