Elevane i dag var svært nøgde med middagen dei laga, sjølv om dei åt han klokka ti på føremiddagen.  Eg har lova å legge ut oppskrift både på bloggen og på skulen si nettside.
1 løk,  finhakka
250 g reinsdyrkjøt i  løvtynne skiver
1 ms  margarin
2 ms  kveitemjøl
3 dl vatn
1/2 ts salt
1/2 krm  pepar
6 knuste  einebær
1 ts  rognebærgele
1-2 skiver  geitost
1/2 dl  seterrømme
(ev. 1-2 dråpar  sukkerkulør)
1. Smelt margarin i  ei gryte.
    Den er passe varm  når margarinen har slutta å skumme og er lys brun.
2. Brun kjøtskavet og  løken.  Strø deretter over kveitemjølet.
3. Tilset alle dei  andre ingrediensane og kok retten ved svak varme ca 30 min.
Vi serverer  potetmos, gulrot og brokkoli til.
Ein kan gjerne ha  tyttebærsylte og sylteagurkar.
Vi har i  rognebærgele som vi har laga, men det går sikkert greit utan.
Såg godt ut!!
SvarSlett