torsdag 8. desember 2011

Bok 60: Utskudd

Etter ein CD vurderte eg å finne meg ei anna lydbok.  Eg syntest ikkje boka "tok laust".  Då eg googla romanen, fann eg ut at han har vunne mange prisar, så eg bestemte meg for å lytte vidare.

Det er vanskeleg å sette fingeren på kvifor denne boka ikkje fengde meg.  Ho er springande.  Personane er ikkje skildra slik at ein kjem under huda på dei.  Opplesaren les litt irriterande med for mykje trykk på siste staving i kvar setning.  Språket er tamt. Først og fremst trur eg kanskje at det er miljøet eg ikkje finn interessant.

Eg reknar med at mange er usamde med meg...

4 kommentarer:

  1. Denne boka las eg for lenge sidan og hugsar ingen ting av den. Det var verken i år eller i fjor. veit ikkje eingong om eg har blogga om den.

    SvarSlett
  2. Ikkje gjort varig inntrykk altså!

    SvarSlett
  3. Eg likte heller ikkje denne. Verken miljø eller tematikk greip meg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...