lørdag 16. juli 2011

Det er så mykje som skulle ha vore gjort heime ...

 ... så det er berre å kome seg vekk derifrå!  Med dette som motto, la frøkna og eg ut på sykkeltur til Holesanden i dag.  Vi sykla om Røyset framover.
 Ho ville bade, og sumde ut til flytebrygga.
 Her vert det fint når graset får gro til.
 Tilbaketuren gjekk over Ulset.
 I Hjørungavåg er det både landbruk og industri.  I dag vart vi overraska over kor kaldt der var.  Ingen stad bles det som der.

2 kommentarer:

  1. Fin dag for ein sykkeltur!
    Men her bles det meir ,vil eg sei!:-)

    SvarSlett
  2. Der var vi ikkje :-) Stilt på indre.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...