tirsdag 4. januar 2011

Spør riksmålsforbundet

Det er tid for karaktersetjing.  Vi samarbeider på tvers av klassene slik at karakterane skal bli mest muleg rettferdige.  Det oppstår sjølvsagt også diskusjonar om rettskriving.  Ein rettskrivingsregel dukka opp frå to hald:  Ein skal ikkje begynne ei setning med men (but). Dette er ein ny regel for meg.  Eg oppmodar gjerne elevar til å setje oftare punktum.  Mange meistrar ikkje lange periodar.  Logikken forsvinn ein stad på vegen.

No har eg oppdaga at det meste kan googlast.  Eg googla spørsmålet og kom rett inn på svaret på Riksmålsforbundet si side.  Der fann eg og mykje nyttig og lettfattelig informasjon.

Elles så ser eg at bokmålsorboka/nynorskordboka har endra utsjånad.

There is no "I" in Team
Då eg leita etter nokre engelske uttrykksmåtar, kom eg over denne sida. Ein finn engelske idioms med forklaringar: Individual achievement is not superior to the good/results of the team.

5 kommentarer:

  1. Der forsvann alt eg hadde skrive, men det som står i riksmålsforbundet sitt svar er greitt nok. Det eg stussar over er at dei skriv "men likevel" (But however). Det er ikkje godt språk. Elles trudde eg Riksmålsforbundet var ute av historia-i alle fall bør ikkje elevane skrive riksmål som sidemål. Det er heilt feil!

    SvarSlett
  2. Men-et var noko "overflødig", ja. Eg synest det var litt ironiskat det var der ein fekk svar når ein spør verda!

    SvarSlett
  3. Riksmålsforbundet sine skrivereglar er barnelærdom.. Kvar i all verda har du "studert" norsk

    SvarSlett
  4. I Volda! Men denne men-regelen lærte vi ikkje der...

    SvarSlett
  5. Eg har heller aldri lært denne regelen, til tross for at eg også har "studert" norsk.
    Eg spurde ein lærar: Skal det alltid vere komma før men? Ja, minst, sa han. Med det meinte han at ein også kunne skrive men bak punktum. Noko som eg var litt i tvil om.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...