torsdag 13. januar 2011

Å rette bakar for smed

Med ujamne mellomrom protesterer enkelte elevar "Kva er vitsen med å lære dette.  Vi får aldri bruk for det!".  Matematikk, og særleg algebra, er det dei ofte dreg fram.  Eg har eit standardsvar: "Matematikken eg lærte på gymnaset fekk eg bruk for 24 år etterpå - då eg skulle hjelpe eldstemann."

I dag starta eg timen med å spørje kva det betyr "å rette bakar for smed".  Dette veit ikkje tiandeklassingane.  Temaet er sjølvsagt Johan Hermann Wessel og diktet "Smeden og Bageren".   I løpet av timen poengterer eg kor viktig det er å ha kjennskap til kulturarven vår.  Og når vi les avisa og ser nokon snakke om å rette bakar for smed, så veit vi at dei meiner å ta feil person.

Nynorskordboka: rette bakar for smed la noko gå ut over ein uskuldig person (etter J.H. Wessel 'Smeden og Bageren')

Og så fekk eg slått eit slag for RLE:  Kva er ein uriaspost?
Nyttig lærdom?

For dei som vil repetere litt litteraturhistorie. J.H. Wessel sitt satiriske dikt om seg sjølv har gjort eit varig inntrykk på meg:


Han aad og drak, var aldrig glad
Hans Støvlehæle gik han skieve.
Han ingen Ting bestille gad.
Tilsidst han gad ei heller leve.

3 kommentarer:

  1. Då eg gikk på realskulen for 100 år sidan, lærte eg heile Hundemordet utanboks, just for fun; trur eg kan det enno. No når det er så populært med Quiz alle stader kan ein aldri vite kva ein får bruk for. Dessutan er unyttig kunnskap ofte veldig morsomt!

    SvarSlett
  2. Det er artig å lese ungdomsskulepensum om att. Ein forstår det så annleis. Vi sag eit par innslag frå Allo, Allo her ein kveld. Øystein og eg tenkte det same: Vi forstod ikkje vitsane fullt ut den gongen.

    SvarSlett
  3. Aktuelt dikt - også i våre dagar - mange triste skjebnar.

    Bodil

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...