fredag 14. januar 2011

Meir litteraturhistorie

Denne filmen kjøpte eg då vi var på Bjerkebæk i sommar.  No har eg bestilt filmen til skulen frå Norsk filminstitutt.

I dag såg vi filmen på storskjerm  i klasse 10A.  Vi hadde på nokre spotlys slik at vi kunne notere medan vi såg. Dette var ikkje underhaldning, men undervisning.  Her var bilde, filmsnuttar, brev og intervju i tillegg til forteljarstemma.

Eg synest dette er ein effektiv og interessant måte å lære på. Mot slutten var det kanskje litt lett å dette av, men så kom krigen, og det vart meir interessant igjen. Motsetningar mellom undset og Hamsun kjem mellom anna tydeleg fram.  Eg har sikkert lese mange gongar at sonen vart skoten under krigen, men når du får sjå bilete av han og høyre kva mora skreiv til venninna, då gløymer ein det ikkje så lett.

Det er ikkje vanskeleg for meg å anbefale filmen!  Til skulebruk er 50 minutt litt i lengste laget.  Vi ønskjer oss heller 37-minuttsfilmar?  Eg ville ikkje vist den for yngre elevar, ikkje fordi der er sterke scener, men filmen krev nok ei viss "modenheit".

Dagens sitat:

... sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

Etter filmen såg elevane samanheng med Sigrid Undset og Kristin Lavransdatter sine liv.

2 kommentarer:

  1. Det er ikkje mykje eg har lese om Sigrid Undsets vaksne liv, men då eg gikk på lærarskulen las eg sjølvbiografien om barndommen hennar.Elleve år -heiter den boka. Eg hugsar at eg fekk i oppdrag å halde "foredrag" om den boka. Det var ikkje vanlig at elevane vart pålagde slike oppgåver den tida, og eg kan ikkje hugse at andre fekk liknande oppgåver. Men hukommelsen er selektiv, som vi veit.

    SvarSlett
  2. Du skal få låne filmen. Det var også interessant å sjå gammal film frå Sinsen. Oslo har ingen "gamleby" slik som Stockholm t.d.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...