onsdag 19. januar 2011

«De sier at Jeppe drikker, men ikke hvorfor han drikker.»

Eg les Knausgård for tida, og eg er imponert over kor godt han hugsar ungdomstida si.  Ei ungdomsskulevenninne på facebook minte oss på for ei kjekk tid ungdomsskuletida var.

Eit artig minne for meg, var då vi las/dramatiserte Jeppe paa Bierget.  "Bønna" hadde hovudrolla, og gjorde ein glimrande innsats då han vakna i baronens seng.

I dag las vi frå Erasmus Montanus i klasse 10A, der Rasmus Berg kjem temmeleg oppblåst attende til familien som Erasmus Montanus.  Denne satiren forstår ungdommane i dag og.

Les gjerne meir om Ludvig Holberg på Wikipedia.

P.S.
Desse sitata tek eg med for å prove at ein må kunne si litteraturhistorie ;-)

3 kommentarer:

  1. Trur nok at Knausgård diktar litt innimellom, det har han forresten sagt også.Holberg slår nok an til alle tider, men sjølv Jeppe på bjerget kan problematiserast, så komedien blir til tragedie, som det eigentlig er. Saknar Fjernsynsteateret !!! Som før sagt.

    SvarSlett
  2. Eg synte mine elevar ei dansk filmatisering av Jeppe i fjor, og den er ganske trist, eigentleg.

    SvarSlett
  3. Holberg kan nok tolkast i fleire retningar. Det er vel ikkje så langt mellom tragedie og komedie...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...