torsdag 6. januar 2011

Men Per Spook-genseren min får du aldri?

Oslostudenten hadde funne denne genseren i skapet sitt.  Den har lurt seg unna alle klesinnsamlingar til Aust-Europa.  Eg har ein liknande med anna halsfelling. Genserane strikka eg då eg gjekk på lærarskulen.  Faren var ikkje mange månader eldre enn det studenten er no då eg begynte å vere saman med han.

I morgon reiser studenten til hovudstaden igjen.  Då eg spurte han om han ville at eg skulle lære han noko til dømes innan matlaging, fekk eg til svar at det han treng å lære seg er å legge opp buksebein.  Så no har vi hatt sykurs i "oppleggssaum".

2 kommentarer:

  1. Var det denne genseren du brukte i Afrika? Ein eg gjekk i lag med på DH brukte å legge opp dongeribuksene sine med stiftemaskin. Han hadde vore ungkar lenge.
    Men eg strikka no ein genser til Audun for nokre år sidan?

    SvarSlett
  2. Får sjekke kvar den er. Denne hadde vel kome i skapet hans fordi der vart ledig plass då han flytta.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...