fredag 7. januar 2011

Og jula varer heilt til ...

 Til denne jula kjøpte eg ikkje ei einaste julestjerne.  Kvart år har eg brukt å fylle vindaugskarmane med julestjerner i byrjinga av desember.  I år vart ikkje dette noko av.  I staden har eg kjøpt løkar, kanskje fordi det var så kaldt at eg var redd andre blomster ville fryse ihel i bilen.  No har eg att nokre blå sviblar.  Amaryllisane som eg kjøpte på Floriss, tre for 100 kroner, står no med stilk nummer to.
Julestjernene mine hadde ein tendens til å blomstre heilt til påska, gjerne med nye skot.  no spørs det kva eg skal gjere med løkane.  Er det eingongsblomster?  Eg ha lagt dei avblomstra kjølig i eit papirnett.  Skal dei få seg ein pause i matboda med tanke på eit nytt liv i hagen, eller skal eg kaste dei i komposten med godt samvit?

2 kommentarer:

  1. Amaryllisløkane kan du sette mørkt og relativt kaldt, er du heldug får du dei til å komme att neste jul. Sviblar har eg planta i hagen, dei har rettnok kome att, men relativt små.Ikkje kast dei i alle fall.

    SvarSlett
  2. Får legge dei i "potetkjellaren", kald matbod.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...