lørdag 15. januar 2011

Pus på plass att


Katten har vore ute ei vinternatt før, men i går hadde ho vore vekke eit døgn.  Torsdag dilta ho etter frøkna eit stykke på veg til fotballtrening.  Sidan hadde ingen sett henne.  Det vil seie, det gjekk nokre rykte om at ein katt hadde stått ute og mjaua og forstyrra nattesømnen til folk nede i rekkehusa.

Med temperaturar ned mot 10 grader i går kveld, var det ikkje fritt for at eg begynte å bli uroleg for katten.  Eg gjekk same runda som i sommar og lokka.  Kanskje han var å finne i løa på Gomyra? Viss katten hadde vorte skada, ville han fort ha frose ihel.  Fantasiane var i orden.  Andre er meir avslappa og meiner at kattar alltid finn heim att.  Frøkna meiner ein katt må vere ti månader for å ha den eigenskapen, og ho har lese seg til kunnskapar.

Ut på fredagskvelden ringer det på døra.  Ei blid dame står og held på katten.  Ho hadde fått lov til å bere han, heilt til han nærma seg heimen, då ville katten gå sjølv.  Ungane hadde kosa seg med katten og mata han, men så hadde dei fått høyre at Olaug sakna katten sin.

Ein time etterpå kom katteeigaren heim.  Vi hadde moro med å sitte og sjå på TV og vere opptatt med det.  Ho er rask på facebook for å finne nytt.  Der står noko om katten ho ikkje forstår.  Katten ruslar rundt, og dei er i same rom ei god stund før ho ser han.

No har Lucy krølla seg saman under stresslessen framfor varmepumpa. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...