torsdag 20. januar 2011

Mat på P

Eg må ha vore svolten då eg las systra mi sin blogg i går kveld.

Det siste innan sunn mat no, er at ein ikkje skal gje born for mykje mat på p, som pizza, pølser og pannekaker.  Eg hadde kraft og suppeplanar klare, og kva smakar ikkje betre til dessert etter suppe enn pannekaker?  No er det ikkje alle som skal ha færre kaloriar heller.  Idrettselevar med innovermagar treng ekstra påfyll etter skuledagen.  Eg sparer ikkje på egga når eg lagar pannekaker, så proteininnhaldet er høgt.  Elles så kan ein no ha litt sammalen kveite eller havregryn i pannekakene om ein vil.
Når det gjeld pizza og pannekaker, så er der også som kjent sunnare variantar.

5 kommentarer:

  1. Høyrde i eit program at pølser slett ikkje er så usunt, det kunne ein ete med godt samvit. Det finst mange slags pølser... Heimelaga mat har ein meir kontroll på. Eg brukar grov spaghetti, grovt mjøll i pannekaker etc.Det er vel ofte tilbehøret som dreg retten opp-eller ned.

    SvarSlett
  2. Ja, gi no meg skulda! Kjekt å inspirere til usunn livsstil, ikkje berre til mosjon og slikt.

    SvarSlett
  3. Mor mi passa ungane, og sa: Skal vi ta noko lettvint til middag? Vi kan ha pizza! Nei, sa Vemund, det tek så lang tid! Han er vand med heimelaga pizza...

    SvarSlett
  4. Når eg kjøper ferdigpizza ein sjeldan gong, gjer eg det med kommentaren "for å sikre ungane ein normal oppvekst". Sjølv et eg heller ei grovbrødskive med makrell eller sardiner.
    Nokre pizzvariantar er sjølvsagt betre enn andre.
    Her i huset har 17-åringen tatt over pizzalaginga.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...