søndag 9. januar 2011

"Brø' utan å knø"

For eit par år sidan dreiv eg å søkte på fletteloff på YouTube.  Då kom eg over videoar frå USA på no knead brød, men det vart aldri til at eg laga dei.  Eg tengte  at denne framgangsmåten kjem vel hit til landet og dersom desse brøda er så gode.  Det spesielle med dei er ikkje deigen, men framgangsmåten.  I går kom eg over ein video på denne bloggen og vart inspirert.

 Eg blanda saman ingrediensane med ei sleiv i går ettermiddag/kveld.  Eg synest 1 ts salt fekk vere nok.

500 g kveitemjøl
1 ts salt
1/4 ts tørrgjær
4 dl vatn

Sidan eg hadde framme vekta, vog eg vatnet og.
 I dag såg deigen slik ut.
 Eg bretta han innover oppå eit mjølstrødd bakepapir slik som vist på videoen.
 Så fekk brødet heve 2 timar under bollen.  Den siste halvtimen skal jerngryta settast i kald omn, og omnen settast på 250 grader.
 Problemet var å finne ei form med lok.  I fjor såg eg ei slik emaljert steikepanne til halv pris som på bloggen eg viser til, men eg vart for sein.  Så eg kledde mi vanlege jerngryte med bakepapir.  Eit rundt under og eit delt på langs som eg bretta langs kanten.  Eg skal spandere eit gjenbrukspapir om eg lagar brødet fleire gonger.  Ulempa med jerngryta er at det kjem litt os frå ho.
 Brødet steikte først 1/2 time på 250 med loket på, så 1/4 time på 220 utan lok.
Det ferdige brødet ser slik ut.
Og smaken?
"Det er berre å lage meir!"

4 kommentarer:

  1. Dette må gå fint med Tupper-gryta mi med lok. Trur den toler 220 grader. Kva trur du?

    SvarSlett
  2. Den er sikkert ideell. Med 220 grader er det vel berre å forlenge steiktida litt. Elles så har eg planar om å prøve utan lok. Eg laga nemleg eit grovt brød på den måten for eit par år sidan.

    SvarSlett
  3. Brødet så veldig godt ut, men eg lagar aldri brød av berre fint mjøl.
    Hugsar at mamma fortalde at mor hennar laga "grytebrød" før dei fekk komfyr med steikomn.

    SvarSlett
  4. Ein kan lage grove variantar og. Eg har lese om desse grytebrøda som var vanlege før ein fekk vedkomfyr.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...