torsdag 20. januar 2011

Bytur

På biblioteket her i bygda fann eg boka nede til venstre.  Den freistar ikkje så veldig, men det var den einaste lydboka der eg ikkje hadde lese.  I dag tok eg meg ein bytur i kveldninga.  Boka nede til høgre er ei krimbok som to forfattarar har samarbeidd om.  Dei to øvste har eg sett på bloggane før.

Knapt ein halv time før stengetid var eg så heldig å kaste augene på ein kjole eg kunne tenke meg.  det er stor kommunal fest på laurdag, og eg ønskar å ha på meg noko anna enn julekle.

2 kommentarer:

  1. Dei to øvste har eg i alle fall lese, Per P. er eg ikkje sikker på, men tvilar; boka nede til høgre har eg definitivt ikkje lese.
    Bibliotekaren Birgit spurde i dag om eg var villig til å bli intervjua av Ingvild Runde for MN. Under sterk tvil gav eg løyve til at ho kunne oppgi namnet mitt. Det er ikkje sikkert eg vil bli valt ut, altså.

    SvarSlett
  2. Du får eventuelt be om å få lese først.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...