fredag 21. januar 2011

Ny etikett: Strikking

Då er vottane ferdige!  Eg er ganske fornøgd med dei.  At eg er ute av trening, har gitt seg utslag i litt ulik strikkefastheit.  Vott nummer to er finare strikka enn den første eg strikka.  Eg var inne på tanken å strikke vottane parallelt for å få dei mest muleg like.  Men eg hadde berre eitt sett pinnar.  Når eg får vaska og strekt litt i dei, så reknar eg med dei vert fine.

Det forpliktar å ønske seg bøker.  Blad vert ofte liggande og slenge, og du skal ha gode system om du skal finne att handarbeids- og matoppskrifter når du treng dei.  Derfor har eg slutta å kjøpe så mange blad.  Eg kjøper heller bøker.  Kor mange av oppskriftene eg kjem til å bruke i strikkeboka mi, får vi no sjå.  Kanskje omtrent like mange som matoppskrifter i kokebøker eg får?

Oppskrift frå "Norske vottar og vantar".  Samlaget.

7 kommentarer:

  1. Fine vottar. Eg får så lyst å strikke, men gudane må vite kva tid eg kan begynne med det igjen. Vottar og lestar er overkomelig i normale tider.

    SvarSlett
  2. Vottane ser fine ut! Kva garn har du brukt?
    Eg er einig i deg ang. det med blad. Betre å ha mønstrene i bøker. Eg har også slutta å kjøpe så mange blad. Det siste året har eg hatt litt dilla på interiørblad, så det har blitt ein del av dei.
    Elles synest eg det er litt moro at OK og E har så god kontakt i Volda. Har forstått det slik at dei sit i lag/jobbar i lag på forelesningane. Ha ei god helg!

    SvarSlett
  3. Artig! Eg får ikkje vite så mykje ... Besta har visst funne fram bilde av dei i lag då dei var små.
    Eg har brukt Rauma finull, for det får eg kjøpt på dagen her, og så har eg ein del restar frå Blåfjellvottane. Viss alle restar er i ein garntype, vil det bli færre restar kanskje.
    God helg!

    SvarSlett
  4. Til og med eg får lyst til å strikke når eg ser desse vottane, men eg trur eg må begynne med noko enklare... Kjempefine er dei i alle fall, og der var mange fine mønster i boka.

    SvarSlett
  5. Veldig kjekt å sjå! Sjølv held eg på med minivottar utan tommel til adventskalendar, ikkje heilt enkle dei heller. Og så har eg meldt meg inn i votteklubb, sjå link på bloggen min. Har fått pakken i dag, men har ikkje pakka opp, må utsetje godsakene litt! Prøv du og?

    SvarSlett
  6. Eg får følgje med kva det går ut på, Elin. Utruleg mykje fint å sjå rundt om på bloggane. Her kan det bli bråstopp med strikking.
    Eg har begynt på nokre enkle no, Margrete.

    SvarSlett
  7. Gratulerer med flotte vottar!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...