lørdag 29. januar 2011

Noko å gle seg til

Eg gler meg alltid til Mammutsal.  Då kan ein unne seg nokre bøker til ein rimeleg penge.  Romanar kjøper eg ikkje lenger.  Eg er meir ute etter oppslagsverk og liknande.  I år fann eg ikkje så mykje i katalogen.  Kokebøkene hadde eg anten frå før, eller så vert dei for spesielle.  Det einaste eg har bestilt er AMO si bok "Tunfisk biter i vann".  Kanskje der er noko å sprite opp norkundervisninga med?

I årets katalog var der mange rimelege faktabøker for born.  Då ungane var små, kjøpte vi faktabøker og oppslagsverk til dei på sal.  Då slapp vi å mase om at dei skulle fare så altfor fint med dei.  Yngstemann sleit ut ein atlas før han var to år.  Seinare hadde han dilla på ei og ei bok.  Ei stund var det kvalar, ei anna stund småkryp.  Det er heilt utruleg kor mykje born kan lære av faktastoff om ting dei er interesserte i.  Ei tid var det ugler som opptok han.  Ein gong det var om ugler i eit radioprogrem.  Eg syntest det var interessant.  Det viste seg at han kunne alt frå før.  Kva som sit att av slik kunnskap seinare i livet, veit eg ikkje.  Men eg meiner det har ein verdi å vere interessert i eit emne og finne ut om det.  Når skuleborn har vore på ferie t.d., og ein lurer på kva land dei har vore i, bør ikkje svaret vere "Syden".

Om ein ikkje finn så mykje i katalogen, så er trøysta at bokhandelane legg ut bøker frå eigne hyller.  Dei ulike kjedene har vel og ekstrasal.  Eg gler meg!

2 kommentarer:

  1. Det er ikkje noko problem å legge inn kommentar som anonym og skrive namn under.
    Då eg skreiv kommentaren over, var det med google konto.
    Solveig

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...