fredag 28. januar 2011

Heime åleine

Ein har vel kome i ein ny livsfase når gamlefolket vert heime åleine fredagskveldane.  Ungdomane har til no styrt underhaldninga, så det vert ofte til at ein vert sitjande å sjå på ein eller annan konkurranse.  Men no kan vi "drite i å danse", korslaget eller kva det no er som går.  Litt nysgjerrig er eg no ofte, så eg spolar meg gjennom programma.  Då får eg med meg låtane utan alt utanomsnakket.  Det vert ei form for effektiv TV-sjåing.

Viss vi vel å sjå film, så har vi nok å ta av.  Desse tre filmane for 100 kr var det ikkje eg som kjøpte.

PS.
Engelskstudenten sit akkurat på Mc Donalds i London, fekk vi vite.  Jusstudenten reiser til Sør-Afrika måndag.

2 kommentarer:

  1. Eg lånte filmen"Engelen på det syvende trinn" på biblio i dag. Viss filmen er like god som boka, har eg noko å glede meg til.Og så fann eg ei bok som heiter "Noen kjenner mitt navn" som mange har skrive om på God bok.(FB) Den var forsynt med ein terning-seksar. Men først må eg vel lide meg gjennom Sukkerdøden.

    SvarSlett
  2. Hei på deg :) kjekt at du vil følge bloggen min og hagen min på facebook :) Eg ser fint lite på tv, men les en del (mest seriar for tida) Ellers går det i strikking og scrapping :) Ha ei fine helg :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...