søndag 30. januar 2011

Sagopudding

 Øvst og bakarst i matskapet fann eg eit glas med sagogryn.  Det må vere år og dag sidan eg laga sagopudding!  Denne veka laga vi semulepudding til dessert på skulekjøkenet.  Fleirtalet har ikkje smakt mjølkepuddingar.  På 60- og 70-talet kom ikkje slike puddingar fram før vi hadde ete oss mette på middag.


Eg kjøper som regel ein l H-mjølk til helga, så i dag laga eg pudding av 1 l H-mjølk og 1 l lettmjølk.  I staden for 2 egg brukte eg 4 eggeplommer.  Det gir god smak og fin farge.  Eg liker mandeldropar, men om ein ikkje gjer det, kan ein sikkert ha i vaniljesukker.
Den gamle oppskrifta:
1 l mjølk
1 1/4 dl sagogryn

1 egg
3 ms sukker

2 mandeldropar

 Først kokar ein graut av gryn og mjølk.
Pisk saman egg og sukker og ha det i panna.
Ta til side og ha i mandeldropar.

Server med raud saus.
Ei enkel oppskrift finn du her.

5 kommentarer:

  1. Hugsar godt første gongen eg laga sagopudding. Det var den dagen raset gikk på Engeset. Nils var med og grov heile dagen og eg var så rastlaus.(Det var ein laurdag)Og då var det eg begynte å lage mat. Kva anna eg laga kan eg ikkje hugse, men eg fann altså på å lage sagopudding, heilt etter eige haud. Og god blei den! Mamma var glad i mjølkepuddingar, så ho laga ofte semulepudding med raud saus. Sjølv har eg ein intens motvilje mot semulegryn, så eg vil heller ha sagopudding. I haust ein gong laga eg mandelpudding, fann "pulver" på Skipsen på Vartdal. Tykte ikkje det var så veldig stas. Vi brukar sjelden dessert når vi er åleine.

    SvarSlett
  2. Gløymde å seie at puddingen din såg god ut.Å ha egg i til slutt gjer liksom susen. En højdare i dobbel forstand.

    SvarSlett
  3. Synest ein kan unne seg nokre eggeplommer i 2011. Kvitane vert ein kvitt i vaffel/pannekakerøre, eller i brøddeigen. Det er reint proteintilskot.

    SvarSlett
  4. Hei!
    Eg brukar sitrondropar i sagopuddingen. Gir litt friskare smak.

    SvarSlett
  5. Ja, det er sikkert godt! Eg veit at ikkje alle er like glade i mandeldropar ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...