fredag 7. oktober 2011

Kvifor eg sa nei

I dag ringte avisa meg på mobiltelefonen.  Kunne eg seie noko om lavkarbodiett.  Det skal haldast kurs i byen, og dei vil ha nokon til å mæle imot.  Slik tolka eg det i alle fall.

Tid og stad
Eg stod i ein butikk i eit kjøpesenter i Ørsta.  Butikkmedarbeidaren var på lageret og henta noko til meg.  Skal det eg seier kome i avisa, må eg ha tid på meg.  Journalisten hadde deadline, og eg skulle på slektsbesøk.  Eg sa til henne at eg synest ikkje det er så enkelt å vere negativ når folk prøver å ta tak i livet sitt.

Statens ernæringsråd
Eg har 20 vekttal, eller det som no er 60 studiepoeng, i heimkunnskap.  Vi hadde mykje ernæringslære.  Når ein underviser i mat og helse, skal ein følgje dei råda helsestyremaktene gir.  Det verkar ikkje som folk vil høyre på dei lenger.  Om ein derimot finn på noko nytt, står pressa klar.

Føler seg som farisear
Det har hendt eg har sagt at alle råd vert gitt til folk som skal slanke seg.  Kvifor spør dei ikkje folk som er naturleg slanke om råd? Det er noko sjølvtilfreds over ein sånn uttale.  No har eg fått spørsmålet og ikkje svart.

Moralsk peikefinger?
Då vi gjekk på gymnaset, lærte vi at om det skulle bli nok mat til alle på jorda, måtte vi ete mindre kjøt og meir korn.  Det ville og gagne helsa vår, heitte det den gong.  No har vi ete oss mette og tunge, og løysinga vert at vi set oss ned og maular pålegg. Dietten heiter lav-karbo.  Er dette løysinga?

Og så kan ein spørje om det er slik at vi alle forsyner oss godt på verdas matbord, men så viser det berre meir på nokre enn andre?  Vi bør i alle fall ikkje rette peikefingeren på dei overvektige.  Eg kjenner folk som har fått påvist at dei har lågt energibehov. Det finst elles mange grunnar til overeting.

Er vi like?
Skal alle ete det same?  Er vi likt laga? No ser vi at ein del går ned i vekt med lav-karbo-diett og misjonerer for dette.  Det vert kanskje snart dei med grovbrød med brunost som skil seg ut.

Farleg?
Eg torer ikkje å påstå at det er farleg å kutte ut karbohydrat.  Lav-karbo-gjengen sit med resultat av kolesterol-målingar.  Det verkar som dei har vitskapen på si side.  Sjølv hadde eg ikkje tatt sjansen på desse diettane.  Å legge innpå store mengder metta feitt, kan etter det eg ha lært, få fatale følgjer.

Time will tell
Det er slik med alle femer, anten så går dei over, eller så er dei komne for å bli.  Det vil vise seg om lav-karbo-diett har noko for seg.

Grovt, grønt - og fisk
Til så lenge anbefaler eg eit kosthald med grovbrød, grønsaker og skikkeleg middag, gjerne med poteter.  Pizzadressing, potetgull og plastikksnop er døme på slikt ein kan halde seg unna.  Og så må ein halde seg i aktivitet!

Litt søtt, men ikkje støtt
Nokre gleder må ein unne seg.  Vert dietten eller kosthaldet for asketisk, ber det raskt utpå igjen.  Kanskje den vesle sjokoladebiten eller isskåla gjer at ein klarer å halde dietten.

Eit lite varsko til slutt
Folk flest skal ikkje på diett.  Ofte tek feil folk til seg råda.  Jenter i ungdomsskulealder er spesielt sårbare.  Når sunne, friske idrettsjenter vil begynne på lavkarbodiett, då vert eg redd for dei.

Kunnskap gjer klok
Les ernæringslære!  Kunnskapsstoffet i boka på bildet er i tråd med statens ernæringsråd sine tilrådingar.

4 kommentarer:

  1. Eg synest du kunne ha hatt din eigen spalte i avisa, eg :D

    SvarSlett
  2. ;-) Synest blogg er eit fint forum. Ein skriv når ein vil, og folk kan lese om dei vil ...

    SvarSlett
  3. Kloke ord, Solveig! Eg delar mange av tankane dine. Eg er også bekymra for økonomien til folk. Sjølv om butikkane kryssubsidierer mykje kjøt er det framleis eit dyrt kosthold. Dessutan: Fisken er ikkje subsidiert, dermed vert kostholdet eit einsidig meieri- og kjøtkosthold. Kva med dei som har lite pengar? Dei vil slite med å halde familien med mat viss alt skal vere lågkarbo. Variasjon, litt av alt, ein god balanse mellom feitt, proteinar og karbohydratar trur eg på.

    Og så har du det faktum at studiane som støttar lågkarbo er sponsa av den amerikanske kjøtindustrien. Uavhengige studiar viser at det som hjelper er å gjere ei endring i positiv lei og stå fast ved den, uansett kva endring det er. Det heng på greip, syns eg.

    SvarSlett
  4. Det er dei rike som kan fråtse i protein, i verda eller i Norge.
    Dei som slit med vekta, får gjere sin eigne val, for som du seier, kan ulike typar endringar hjelpe. Det er fleire vegar til Rom.
    Eg bruker å seie det om pedagogar også. Trur den som underviser på eigne metodar, verkar mykje galskap, men dei som berre apar etter utan å tru på metodane, lukkast ikkje ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...