mandag 31. oktober 2011

Fletteloff

Det er prøveveke på skulekjøkenet.  Elevane vert testa i hygiene,dei energigjevande næringsstoffa og så baker dei fletteloff.  Alle som flettar ei fin seksflette, få 5 på den ferdige loffen. Det satsar dei fleste på, så eg reknar med at det vert ein del baking rundt om i heimane.  Frøkna så seg fornøgd i går med loff 3 og 4.

Fletteloff

½ pk gjær

1 ms margarin
2 dl mjølk

½ ts salt
1 ts sukker
Ca 5 dl kveitemjøl



  1. Del gjæren opp i ein bakebolle.
  2. Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk (blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
  3. Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
  4. Rør inn salt (og sukker).
  5. Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
  6. Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.

Utbaking:
  1. Set steikeomnen på 220 grader.
  2. Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
  3. Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
  4. Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
  5. Avkjøl brødet på rist.
Eg synest det fungerer godt å ha prøve i tre timar.  Elevane lagar først deigen og viser den til meg.  (Dei får berre den delen av oppskrifta som er i ruta, altså ingrediensane.)Då startar teoriprøva delprøve 1.  Deretter flettar dei loffen slik dei vil, før dei tek delprøve 2.  Oppvask og vurdering til slutt.  Eg dokumenterer gjerne med bilde.  Eitt punkt skal eg forandre, nemleg på punkt 3.  Dei har ein tendens til å bruke lang tid på å hakke og røre ut gjæren.  Det ordnar seg medan dei har i salt og sukker.  Tempoet er som regel ikkje så høgt ...


For ordens skuld: Eg er ikkje lærar til eigne born.

4 kommentarer:

  1. Takk for at du deler oppskrift.

    Yngste guten min har Mat&Helse i år.
    Synest det er kjekt at dei får heimelekser i dette. Til no har han laga krydderkake, pølser og potetstappe og tomatsuppe til oss.

    I dag skal dei lage pannekaker og sjokolademuffins. Så då får eg håpe han vil lage middag ein dag denne veka og.

    Ønskjer deg ein fin dag.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg trur eg har nokre unge lesarar, og eg veit at eg har nokre mat og helse-lærarar som les bloggen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...