onsdag 24. august 2011

Bok 43: Little Bee

Denne boka vert lansert som bestseljar.  Det er ikkje alltid eit kvalitetsteikn.  Men eg meiner denne boka skil seg ut.

Historia er interessant i seg sjølv.  Eit journalistpar reiser til Nigeria for å jobbe med parforholdet - for å bruke ein klisjé. Dei er uforsiktige og hamnar midt i ein frykteleg episode der Little Bee er innblanda.  Ho kjem som flyktning til England og oppsøker paret.

Boka vert kalla poetisk, mykje på grunn av språket, men eg meiner og at her er det rom for tolking.  Medan andre bestseljarforfattarar tolkar for lesaren, og forklarer han det ein ekstra gong for at han ikkje skal misforstå, let denne forfattaren det vere opp til lesaren å gjere sine eigne tolkingar.

Livet, døden og kjærleiken
Fleire av personane i boka har ein "nær-døden-oppleving, eller dei mister ein som står dei nær.  Dette taklar dei på ulike måtar.  Barnehageguten vert Batman.  Far hans vil ikkje leve etter at han overlever.  Sarah greier ikkje å halde fram med det gamle livet og jobben. Den er kosteleg. skildra.

Menneskesyn
Korleis vi i vest møter asylsøkarar, står også sentralt.  Bryr vi oss om lagnadene deira?  England vil berre bli kvitt Little Bee.  Ho prøver å tilpasse seg ved å snakke dronninga sitt språk.

Boka har to synsvinklar.  I lydboka les ein opplesar Sarah si stemme og ein annan Little Bee si stemme.  Det fungerer godt.

3 kommentarer:

  1. DEt er ei stund sidan eg las denne boka, og til tross for "bestseller"-stempelet likte eg boka godt.

    SvarSlett
  2. Den er britisk - ikkje amerikansk. Kanskje det har litt å seie ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...