mandag 3. januar 2011

Det finst så mykje kjekt å få kjøpt

Overskrifta er eit sitat av ei venninne som ikkje liker å lage mat. 


I dag har eg vore på Trådkråa på Hareid og kjøpt vottegarn.  Eg ville kjøpe trepinnar, ein fantastisk oppfinnelse forresten, men dei hadde ikkje att.  No har eg ein del pinnar liggande.  Problemet er berre å vite kva nummer dei er.  Dagens nye dings vart innkjøpt; ein linjal med pinnemål. Den raude streken er akkurat 10 cm.

4 kommentarer:

  1. Det var eit fint mønster du har funne fram!
    Linjalen ser super ut!

    SvarSlett
  2. Eg veit om to blogglesarar som har denne boka, så det kan vel dukke opp litt frå den etter kvart?

    SvarSlett
  3. Det skal bli kjekt å sjå strikkeprosjekta dine, lukke til! Du vil ikkje prøve deg på minivottane då? Vere i forkant, liksom, til du blir bestemor, hehe.

    SvarSlett
  4. Det er freistande å strikke noko smått. Håper å bli bestemor ein gong, men det hastar ikkje ... Minstemann på Kongsberg er ikkje eitt år enno.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...