torsdag 30. desember 2010

Halv steikt kalkun - vel, vell

Etter ein halv dag med norskretting, har eg endeleg fått kalkunen i omnen.  Det skulle verte ein lettvint kalkunmiddag, men då eg tok han opp frå kjøleskåpet, var kalkunen framleis halvfrosen etter 1 1/2 døgn i kjøleskåp.

Eg filosoferer ein del medan eg rettar norskstilar.  Korleis skal ein rette slik at elevane lærer av det.  For feil er det ikkje vanskeleg å finne!  Det er ikkje der problemet ligg.

Nok med ein k i nok
Dette er ein ny regel for tiandeklassingane.  Det er i alle fall nokon som hardnakka hevdar det.  Når ein får raud strek under eit ord, må det då ringe ei bjølle!

Neste bøyg er skilnaden mellom vel og vell.  Her får ein ikkje hjelp av datamaskina.

Datamaskina liker å dele opp ord.  Her har retteprogramma vorte betre. Men ein får ikkje hjelp til å skilje mellom halv steikt og halvsteikt.

Henda og føta
Ein lærer mykje om dialekta når ein rettar.  Eg ser at mange av spådomane frå 80-talet har slått til.  Vi seier snart vi på heile Sunnmøre.  Når elevane skriv henda og føta, så kjem vel det frå hovudstaden?  Teoretisk sett bør dei seie det i Ålesund først.  Ingen har spist enno.  Men kvart år les eg gjennom kva elevane har spist
i Polen. Mitt slagord om at  "oss æte på Hareid" slår ikkje gjennom.  Eit anna bokmålsord som har kome inn i dialekten er foran.  Framfor er eit framifrå ord å bruke!

NB!
Legg merke til første avsnitt i dette blogginnlegget.  Korleis skal ein hjelpe folk som skriv på den måten?

8 kommentarer:

  1. Litt problem med å legge inn kommentar, så no må eg skrive på nytt. At dei har begynå seie VI på Hareid, ser eg som eit framsteg-OSS er objektform!! Spise har eg sagt frå barnsbein av, no seier eg både spise og ete.Ein feil som eg ser ofte er fleirtalsbøying av inkjekjønnsord. Skreiv om det på bloggen til Olaug.

    SvarSlett
  2. Eg har sagt det til henne. Elevane mine skriv mennesker og til og med menneskjer. Ein lærer mykje sjølv av å rette, for mykje er lov. Kva betyr låk på bokmål til dømes? Dei skal skrive vondt, men får ikkje feil av datamaskina på låkt.

    SvarSlett
  3. Eg har ein kalkun i frysaren, men trur ikkje den blir tint og spist før kvardagen kjem igjen. Har rett og slett ikkje plass til den i kjøleskapet.
    Brukar de Fronter på ungdomsskulen? Det gjer dei her. Tekstane her går fram og tilbake elev-lærar mange gonger. Never-ending-story.. Men ein lærer vel av det kanskje. Glad det ikkje er eg som skal rette.

    SvarSlett
  4. Vi har såkalla PedIt. Men eg rettar med blyant på papir skrive på data. Det er greit å kunne viske, og så kan andre lærarar gjere det same. I tiande samarbeider vi om karakterane i dei ulike klassene.

    SvarSlett
  5. Ganske deprimerande dette! Her er det nokre vaksne folk som seier eplene o.l. - det høyrest vel fint ut. Elles så ven ein seg til mykje. Eit anna fenomen er dei nye orda. Eg var fast bestemt på å ikkje begynne å bruke ordet kødde, av ulike årsaker, men no trur eg faktisk det har glidd inn i vokalbularet mitt, sjølv om eg ikkje bruker det ofte.

    SvarSlett
  6. Trur eg og seier eplene av og til....
    Det er nok ganske vanleg.
    Tenkte du kom til å like å sjå bordet mitt. Kjøpte meg nye middagstallerkar og potetskål rett før jul. Glasa kjøpte eg i sommar. Dei er mørkegrå. Inspirasjonen kom på Sunnmøre!

    SvarSlett
  7. Det er litt vittig at vi har så lik smak! Eg vil ikkje ha så fine glas at dei må vaskast opp for hand. Iittala sine glas er robuste og fine.
    Epla/eplene? No vart eg usikker ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...