mandag 3. oktober 2011

Å ta rev i segla




På Frukost-Tv i dag nytta ein dansedommar uttrykket "å ta rev i segla" i meininga å ta seg saman/hale innpå/få fart på seg.  Det utløyste ein liten diskusjon i heimen.  For tyder det ikkje stikk motsett?  Nynorskordlista fekk vere fasit: 



rev
II rev n1 (norr rif) strimmel i segl som kan bindast opp med tau (for å gjere seglflata mindre) ta (inn) eit r- / ta r- i segla òg: gå meir varsamt fram, moderere seg 

4 kommentarer:

  1. Eg har alltid trudd at det betyr å "ta seg saman"-det kan gjerast på fleire måtar.

    SvarSlett
  2. Sant nok, men uttrykket vert nok brukt feil.

    SvarSlett
  3. Her har eg òg teke feil, trur eg. Heldigvis har eg sjeldan brukt uttrykket...

    SvarSlett
  4. Det er det eg og trøystar meg med ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...