lørdag 8. oktober 2011

Hedigvis sa Heidi ja

I dag kom artikkelen i avisa.  Eg hinta i går at dei burde få tak i ein med utdanning i ernæring. Eg har ikkje sett meg nok inn i kva den eine og den andre meiner er rett.  Nokre hevdar at kuren er bra for diabetes, andre ikkje, trudde eg.  Men Heidi seier at Norges diabetesforbund ikkje anbefaler dietten.  Elles er Heidi innom mykje av det eg skreiv i går.

Sjølve saka er eit kurs som skal startast opp.  Det er visst fullteikna.  Kurset er for vaksne som vil gå ned 10 kilo eller meir. Kursleiaren har sjølv gått ned 35 kilo og fått lågare kolesterol.

Ok, så er vi tilbake til start.  Kven vil høyre på ein som er naturleg slank og har lågt kolesterol?

Det er utruleg viktig at born og unge har eit sunt forhold til mat, seier Heidi.  I Dagbladet i dag vert ein amerikanar sitert på at fokuset på maten no har gått over på ting vi ikkje kan sjå som fiber, kolesterol og antioksidantar.  Stoffa vert stempla på religiøst vis som "gode" eller "vonde".

Så får vi håpe at desse familiemødrene og fedrane som startar ein slik diett, gjer det slik at det fell naturleg inn i familien sitt kosthald.  Ein kan vel servere poteter og grovbrød til dei som treng det?

2 kommentarer:

  1. Flott du set fokus på dette.
    Veit om fleire som ikkje et potet og brødskiver lenger, men som et fett så det tyt. Vert litt redd for helsa deira. Men vaksne får bestemme sjølv! Verre viss maten får feil fokus for barn og unge.

    Ha vakker helg!

    SvarSlett
  2. Einig med deg! Vaksne folk får ta sine eigne val. Bacon går visst unna som aldri før ... Det er visst ein av desse diettane som tillet mykje metta feitt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...