onsdag 26. oktober 2011

Gratulerer Rasmus!

 I dag kan vi gratulere bror min med 47-års-dagen!  Eg har av og til funne fram gamle bilde for å glede fødselsdagsbarn i familien.  I dag kjem ein dokumentasjon på korleis og kor tid bror min vart så glad i å feriere i Sverige.  Nokre år har alle vi tre søskena møttest der.  Bilda er tatt med eit gammalt instamatic-kamera som eg arva.  Året er 1977.  Tidskoloritten er nok meir interessant enn kvaliteten på bilda.
 Teltet der vi som oftast overnatta, eit såkalla hustelt, meiner eg vi lånte av onkelen min.
 Men det hende at vi unnte oss den luksusen å leige oss inn på ei campinghytte.  For kvart år som gjekk, vart det færre overnattingar i telt og fleire i hytter.
 Badminton mellom telta var ein vanleg aktivitet.  Eg kan ikkje hugse så mange leikeplassar den tida.
Turen må ha gått til Falun og Mora det året.

Vi ønskjer deg ein fin dag - og mange fine ferieturar i åra som kjem!

3 kommentarer:

  1. Desse bilda kan eg ikkje hugse å ha sett før. Den grøne Escorten hugsar eg sjølvsagt, men fargen var nok meir skrikande enn på bildet. Denimkjolen min hugsar eg også godt, der var eg så glad i at eg reparerte den fleire gonger. Hytta kjenner eg ikkje att, men teltet lånte vi heilt riktig på Eid. Morahesten som Margrete sit på indikerer heilt sikkert at vi var i Mora det året.

    SvarSlett
  2. Der var nokre Falunbilde også. Eg skulle berre finne nokre bilde, og så kom eg over desse bilda. Synest det er artig å sjå kor tidene endrar seg.

    SvarSlett
  3. Artige bilder. Det var populært å reise til Sverige i ferien.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...